| Lagcup for gutar og jenter Stord laurdag 7. mai 29.04.2011, Arve Skogen | |
| Region vest og Stord BTK inviterer til sesongens siste runde i lagcup for gutar og jenter på Stord laurdag 7.mai. Turneringa går i gamlehallen + bordtennishallen. | |
Det vert konkurrert i følgjande klassar (2-mannslag): Jenter 15 år Jenter 11 år Gutar 15 år Gutar 13 år Gutar 11 år Nybyrjarklasse, treng ikkje lisens for å spela denne klassen, teller ikkje på rankingen Det er lov å stilla blanda lag frå ulike klubbar. Det er kun tillatt å delta i ein klasse. Startkontingent kr 30,- pr. spelar Det vert kiosksal i hallen. Påmelding: Seinast måndag 2. mai til atle.irgens@sklbb.no Skriv namn på kven som spelar på dei ulike lag ved påmelding Klassar kan bli slått saman ved liten deltaking Gjennomføring: Det vert spela Corbillion Cup der alle 5 kampane vert spela. Det er 3-sett kampar i alle klassar Kampprogram vert tilpassa etter deltakinga slik at alle lag får spela minst 3 kampar. Jury som vurderer dette er: Atle Irgens, Lars Hartvedt og Arve Skogen. Om ein av desse ikkje kan møta kan dei utnevna ein ekstra person. Klubbane får poeng slik: 1 poeng per spelar som deltek 1 poeng per single kamp som ein spelar frå klubben vinn 1 poeng per vunne doublekamp (0,5 poeng per spelar dersom det er blanda lag) 4 poeng for 1.plass i ein klasse 3 poeng for 2.plass i ein klasse 1 poeng for 3.plass i ein klasse. Premiering: Beste klubbar samanlagt etter tre rundar får klubbtilskot Klubbane må delta på alle tre rundane for å få tilskot. Individuell premiering Nr 1 og nr 2 i kvar klasse skal uansett ha premie på kvar enkel turnering, er det meir minst 12 lag med i ein klasse, er det premiering til begge 3. plassane. I 11 års klassane får alle deltakarpremie. Me ønskjer alle vel møtt Stord BTK – Atle Irgens |













